20. april: Seminar om konsekvensutgreiingar for kommuneplan i sjø

Bildet viser tare i havet og skyggen av undersiden til en båt
Bilde: Erling Svendsen

Dato: 20. april
Tid: kl. 10.00-15.00
Sted: Litteraturhuset i Bergen 

Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, Fiskeridirektoratet og Mattilsynet har gleda av å invitere kommunale planleggjarar, regionale og statlege etatar til seminar om konsekvensutgreiing i sjøområda på kommuneplannivå.

Detaljert program og påmelding finn du her.

Sjøområda spelar ei viktig rolle i samfunnet vårt, og det er viktig å sikre ei berekraftig og forsvarleg forvalting av desse. Konsekvensutgreiing er ein viktig del av prosessen, og vi ønskjer å auke bevisstheita og forståinga for konsekvensutgreiinga si betydning for ei forsvarleg planlegging av sjøområda.

Seminaret vil bidra til å formidle viktig kunnskap og erfaringar om konsekvensutgreiing i sjøområda. Med eit variert program av presentasjonar og anledning til å stille spørsmål vil gje deg moglegheit til å lære og diskutere med ekspertar og kollegar frå ulike sektorar. Vi trur at dette seminaret vil gje deg innsikt og inspirasjon å ta med deg tilbake til din eigen arbeidskvardag.

Vi håper at du vil bli med oss på seminaret, og ser frem til å møte deg. Saman kan vi bidra til å fremme berekraftig og ansvarleg forvaltning av sjøområda på Vestlandet. Meld deg på her innan 31. mars.