20. april: Frå raudt til grønt – for akvakulturnæringa i Vestland

Oversiktsbilde over Nordhordaland
Bilde: Region Nordhordaland IKS / Eivind Senneset

Dato: 20. april
Tid: kl. 15.30-17.30
Sted: Litteraturhuset, Østre Skostredet 5, Bergen

Åtte kommunar i Region Nordhordland er saman om å utarbeide ein felles interkommunal arealplan for sjø. Planen har vore ute på 1. gongs høyring og vert i desse dagar lagt ut på 2. gongs høyring.

I arbeidet med arealplan vart det etter kvart klart at ikkje alle utfordringar let seg løyse i ein arealplan. Risikorapportane frå Havforskningsinstituttet viser at akvakulturnæringa i PO4 som Region Nordhordland høyrer til i, har store utfordringar med lakselus. Dette gir nedtrekk i produksjonen og store tap for næringa. Samstundes gir det dårlege vilkår for villaksen.

I samband med arrangementet One Ocean Week i Bergen ønskjer Regionrådet Nordhordland å arrangere eit møte med dette som tema - og der ein kan informera om dei erfaringane som er gjort i samband med den interkommunale arealplanen.

Region Nordhordland IKS / Regionrådet Nordhordland og Vestland fylkeskommune inviterer i samarbeid med HI, VI og UIS til eit opent møte for å fokusere på dei utfordringane som er og kva som kan vere aktuelle løysingar framover.

Program

  • Velkomst og innleiing v/Regionrådet Nordhordland / Interkommunale planutvalet for den interkommunale planen for sjøareal i Nordhordland
  • Kva skal til for å gå raudt til grønt i PO3 og PO4 v/Ketil Skår, Veterinærinstituttet
  • Kor mykje tapar næringa på å vere i raud sone? Er det samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi å velje andre løysingar som kan føre oss frå raudt til grønt. Professor Bård Misund
  • Spørsmål / dialog
  • Status for lukka teknologi – er den moden og konkurransedyktig v/Cato Lyngøy
  • Lerøy AS sine investeringar på anlegg i Nordhordland. Erfaringar v/Nils Arve Eidsheim
  • Oppsummering og vegen vidare v/Regionrådet, HI, VI og Vestland fylkeskommune

Påmelding til post@regionnordhordland.no innan 18. april.