18. april: Museum Vest Future Club - Blått Berekraftssdrøs

Dato: 18. april
Tid: kl. 16.00-16.45
Sted: Vision of The Fjords, Øvre salong

Arrangementet er åpent og gratis for alle. 

Museum Vest inviterer til berekraftsdrøs i ein type blå TED-talk-aktig setting. Berekraftig musikk, mat, drikke og innlegg på 45 minutt. Museum Vest er partnar i Havbyen Bergen, og har fleire museum som er direkte linka opp mot havet og formidlar i all hovudsak korleis ein har utnytta ressursane der i 11000 år og inn i framtida. 

Museum som formidlar natur- og kulturhistorie knytt til havet, kan ein definera som Blå museum. Museum Vest, og andre blå museum i Norge, har stort fokus på berekraft allereie, men vi spør i denne korte drøsen – kva kan vi som museum gjere meir for å formidla og få fokus på temaet berekraftig hav? 

Lennart Fjell frå Museum Vest og Kystmuseet i Øygarden leiar drøsen, og tek ei kort runde på kva som rører seg av aktivitetar knytt til temaet i Museum Vest, og fortel litt om framtidsvisjonane for Kystmuseet. Om du har lyst å vita meir om kva som rører seg i dei ulike musea, og har lyst på ein litt uformell interessant seanse, så er denne berekraftsdrøsen midt i blinken for deg! 

Det vert servert smårettar med berekraftig og kortreist lokalmat, samt drikke. Ein berekraftig DJ spelar kortreist musikk frå musikkbyen Bergen. 

Se fullstendig program på Havbyen Bergens partnerSHIP 18.-19. april her.