18. april: HAST! Hydrogen, ammoniakk, skipsfart og teknologi

Plakat til arrangementet
Bilde: Maritime CleanTech

Dato: 18. april
Tid: kl. 16:00-17.00 
Sted: Vision of The Fjords, Hovedsalongen

Skipsfarten står ovanfor ei stor omstilling – og må bidra til betydelege utsleppskutt skal me klara å nå klimamåla. Møt dei som viser veg i det grøne maritime skiftet. 

Maritime CleanTech og Sustainable Energy katapultsenter har gjennom samarbeid bygd opp eit nasjonalt økosystem for grøn maritim industriutvikling. Det har gitt maritimnæringa langs kysten rolla som verdas grøne laboratorium for utviklinga av grøn skipsfart. 

Under One Ocean Week vil leiande aktørar frå den maritime næringa visa at dei har kome langt: No er det hydrogen i bruk på fartøy, brenselceller er marknadsnære og testing av ammoniakk i fullskala skipsmotor pågår for fullt. Hydrogen og ammoniakk kan sikra utsleppsfrie maritime operasjonar for dei større skipa og dei lengre distansane. 

Bli med om bord på vakre “Vision Of The Fjords” og få siste nytt om den grøne omstillinga langs kysten vår. Det hastar å få testa og kvalifisert dei nye løysingane. No er det handling som gjeld – og her får de møta dei som går fremst: 

  • Willie Wågen, adm. direktør, Sustainable Energy katapultsenter  
  • Ada Jakobsen, adm. direktør, Maritime CleanTech 
  • Hans-Petter Nesse, adm. direktør, Wärtsilä Norway 
  • Thor Henrik W. Hagen, adm. direktør, Hydrogen Solutions 
  • Bernt Skeie, adm. direktør, Alma Clean Power 
  • Vidar Ulriksen, statssekretær, Nærings- og fiskeridepartementet
  • Og fleire!

Les meir og registrer deg her. Arrangementet er åpent og gratis for alle. 

Se fullstendig program på Havbyen Bergens partnerSHIP 18.-19. april her.