18. april: Behovet for kraft langs kysten

Logo grøn region Vestland
Bilde: Grøn region Vestland

Dato: 18. april
Tid: kl. 13.30-15.00
Sted: Vision Of The Fjords, Hovedsalong

Korleis få fram nok kraft til industrien i Vestland? Høyr meir om dette ombord på Vision of the Fjords under One Ocean Week.

For dårleg tilgang på kraft er ein av det største barrierane industrien i Vestland seier må handterast for å kunne gjenomføre det grøne skiftet.

Kva kan gjerast - og kva kan vi få til? Dette vert sentrale tema på Grøn region Vestland sitt arrangement under Havuka.

Vi inviterer til møte og diskusjon om energisituasjonen for industrien og næringslivet i Vestland. Korleis får vi fram nok fornybar energi rakst nok?

Du får høyre frå:

  • Prosjektleiar Heidi Synnøve Gaustad i Grøn region Vestland om nytt i prosjektet
  • Are Indrelid fra Årdal teknologihub og Hydro fortel om utviklinga i Årdal og kor mykje meir kraft som må tilførast for at utviklinga skal kunne skje. 
  • Einar Vaage, leiar for Greenspot Mongstad om kva dei planlegg for å skaffe til veie gjennom industriell symbiose, utnytting av sidestraumer, varme frå industriprosessar m.v.

Moderator for samtalen er Tor Martin Misund, som jobbar med kraftspørsmål i Grøn region Vestland og korleis industrien kan få tilgang til nye kraftressursar. Han er også prosjektleiar for fylkeskommunen sin regionale plan for fornybar energi.

Panelsamtale og formelt program starter kl 14, men det vil være tilrettelagt for ei uformell samling med mingling for alle som er interessert i temaet fra kl 13:30. Velkommen!

Se fullstendig program på Havbyen Bergens partnerSHIP 18.-19. april her.