Dato: 10. april
Tid: 11.00–13.00
Sted: Havnerommet
Arrangør: Maritime CleanTech
Bergen Havn er verdsmeister i å forsyna skip med rein kraft. Kva er dei neste stega mot ein utsleppsfri skipsfart? Vel møtt til HAVlunsj under One Ocean Week!
I prosjektet «Energihub for skip» har Maritime CleanTech vurdert korleis framtidas skipsfart i bergensområdet kan sikrast tilgang til rein energi i form av landstraum, lading og nye drivstoff. Prosjektet er støtta av Bergen kommune og har involvert nøkkelaktørar i den maritime verdikjeda.
Under One Ocean Week vil me presentere anbefalingar frå prosjektet og invitere til diskusjon om vegen vidare for Bergen som energihub for grønn skipsfart.
Medverkande: Maritime CleanTech, Bergen Havn, Plug, representantar for myndigheiter og maritim næring (TBA).
HAVlunsj er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. HAVlunsj blir arrangert ein torsdag i månaden av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation og Maritime CleanTech, vanlegvis på Marineholmen.
Praktisk informasjon
- Kontaktperson: Runar Bjørkvik Mæland runar@maritimecleantech.no
- Arrangementet er gratis og ope for alle. Gratis lunsj til påmeldte: HAVlunsj på Skolten under One Ocean Week – Maritime CleanTech
- Arrangementet vil foregå på norsk
- Havnerommet finner du her: Skoltegrunnskaien 1, 5003 Bergen