17. april HAVlunsj på Skolten - Grønn sKIpsfart med KI

Plakat for HAVlunsj

Dato: 17. april
Tid: kl. 11.00-13.00
Sted: Skolten, Skoltegrunnskaien 1, 5035 Bergen

Kan digitalisering og kunstig intelligens kutte utslepp i skipsfarten? Lær meir på HAVlunsj på Skolten under One Ocean Week!


Skipsfarten møter stadig større krav til utsleppskutt. I påvente av at nye, utsleppsfrie drivstoff blir tilgjengelege i stor skala, ser næringa etter moglegheiter for å optimalisere energibruken og redusere forbruket av fossilt drivstoff. Her gir digital teknologi og kunstig intelligens mange nye verktøy.

Onsdag 17. april inviterer Maritime CleanTech, i samarbeid med EDIH Oceanopolis, til ein heilt spesiell HAVlunsj på havneterminalen på Skolten.

Her får du høyre om det nye prosjektet GASS – Green AI for Sustainable Shipping – som skal ta i bruk maskinlæringæ og digitale tvillingar for å optimalisere drivstofforbruket på skip og redusere utsleppa med 20 prosent.

Du får også høyre frå to internasjonale rederi med base i Bergen – Grieg Star og Utkilen – om korleis digitalisering, data og KI speler inn i deira strategi for dekarbonisering av flåten.

Sist, men ikkje minst får du høyre om korleis Oceanopolis kan hjelpe bedrifter i havnæringane med å «booste» sin digitale utvikling og kompetanse!

HAVlunsjen er gratis og open for alle. Lunsj til påmeldte. Møt gjerne opp i god tid – mat og kaffi er servert frå kl. 11. Programstart kl. 1130.

Praktisk informasjon

  • Arrangementet er ope for alle, meld deg på her
  • Gratis lunsj til alle påmeldte
  • Lurer du på noko? Ta kontakt med Runar Bjørkvik Mæland, Maritime CleanTech, mob. 975 64 932 eller e-post runar@maritimecleantech.no
  •  Arrangementet gjennomførast på norsk
  • Skolten finn du her